Paroles Flaumen Går, I Norge Er Vår de Glittertind

Glittertind
  • 0.0Vous n'aimez pas les paroles de Glittertindloading
  • Note 0.0/5 basée sur 0 avis.
  • Artiste: Glittertind7261
  • Chanson: Flaumen Går, I Norge Er Vår
  • Langue:

Les chansons similaires

Bestevenn de gnom

Eg har tatt bilder heila livet men eg har ingen bilder av deg sᥠset deg ner og ta fram smilet sᥠeg kan ta et bilde av deg Og ikkje lenge itterpᥠstá¥r du pᥠkommoden ved mi seng...

Trá¸st de gnom

Kom ut av skyggen min venn og la meg sjᥠdeg i dagslys eg vett ikkje kva du bá¦rer pᥠmen má¸rket er ikkje bra for deg La meg sjᥠpᥠpupillane dine om di er djupe og má¸rke som di var i gá¥r...

Fangegard de Vreid

Det kom som lynnedslag, gjekk som skred Den gangen det slo oss ned Det overmektige mange No går det langsamt - Atter vår Og Noreg er ein fangegard Kvar nordmann er ein fange Usynleg piggtråd tett i tett Spent...

Allvis de Lumsk

Eg vil hente heim mi brur i dag snart skal vi hyggje oss heime eg er av tusseætt og er ikkje verdig henne Meg eg har så sterk ein vilje møya vil eg eige Allvis er namnet og under jorda eg bur Tor...

Finn Ikkje Ud de Ingenting

Eg gjá¸r svá¦rt lite som folk kan kalla smart det mᥠskje en forandring og den bá¸r komma snart eg ligge her og slá¸ve og eg fá¥r'kje noge gjort ude skinner sola og pᥠTV'n er det bare...

Textes et Paroles de Flaumen Går, I Norge Er Vår




Flaumen går,
I Noreg er vår,
Bjørka sprett i dalom.
Dølakar
Traust og hard
Rydjer ferdregard.
Sjå kor det losnar i alle liom,
Skreda fer etter bergesidom.
Flaumen går,
I Noreg er vår,
Og dølan' er det som rår.

Frå fjellet rinn
Ein bekk så linn
Mellom stuv og steinar.
Av bekker små
Det vert ei å,
Fagrast du skal sjå.
Høyr kor det i vatnet susar,
Høyr kor det i fossen brusar!
Flaumen går,
I Noreg er vår,
Og dølan' er det som rår.

Lita å
Kan du forstå
Kor ho fekk slikt mæle?
Bekk som rann
Er vaksen mann.
Stans han, om du kan.
Ingen mann kan straumen vende.
Tømmer og hus det set han på ende.
Flaumen går,
I Noreg er vår,
Og dølan' er det som rår.

Bykar stram
På gata går fram,
Trur han skal oss lære.
Men ikkje eg
Fær støkk av deg,
Sjølv eg rår min veg.
Bøndan' er ikkje lenger mjuke,
Husbondsretten, han vil me bruke.
Retten er vår,
Skulda er dår
Šlyde Noregs kår.

Om seint me kjem,
Så er det med klem.
Me vil garden rydja.
Bondemål,
Kvast som stål,
Gjev ikkje lenger tol.
Norsk mål vil me i Noreg hava,
Ikkje lenger med dansken kava.
Bondemål,
Kvast som stål,
Gjev ikkje lenger tol.

Blankt som gull
Og mjukt som ull
Er det norske målet.
Som sol på fjell,
Som blome-tjeld,
Som fuglesong om kveld.
Tusen års rot det hev i landet,
Tusen år til så skal det stande.
Flaumen går,
I Noreg er vår,
Og dølan' er det som rår.

Sumar-sol
Skin på jord,
Så jonsok-blomen laver!
Læt frå koll
Lur over voll,
Og dølan' slær på skjold.
Av skal ho hivast lurve-hetta!
Gullhjelm lyser i morgon-gletta.
Læt frå koll
Lur over voll,
Og dølan' slær på skjold.

Harald verk
Fjellbonde sterk
Gjer no andre gongen.
Gamalt grjot
Av kjemperot
Endå hev manndom og mot.
Kome alle, ver med på ferda,
Så skal det spørjast i vide verda,
At Noregs mann
Gjekk på og vann
Atter sitt eige land.

N'hésitez pas à faire une recherche de paroles d'une chanson dont vous ne connaissez qu'un morceau de texte avec notre moteur de paroles et chansons